Tunnelen blei stengd i fleire timar. Foto: Lise Viken
Foto: Lise Viken

Alle naudetatane rykte ut etter melding om at fleire bilar skal ha kollidert inne i Eikefettunnelen på E39.

Ulukka skjedde like før klokka 18 søndag kveld.

Først vart det sagt at det var fire bilar involverte i ulukka. Dette er no nedjustert til tre.

Totalt sju personar er involverte i ulukka, tre av dei er born.

Sju til sjukehus

– Alle sju blir køyrde til akuttmottaket på Haukeland universitetssjukehus, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt til Strilen.

Ein av dei involverte sat fast i bilen, men framstår som lettare skadde.

Helse Bergen hadde følgjande informasjon om tilstanden til dei involverte:

  • Kvinne (66) - lettare skadd.

  • Mann (40) - lettare skadd.

  • Mann (66) - Lettare skadd.

  • Kvinne (34) - lettare skadd.

  • Gut (10) - lettare skadd.

  • Gut (9) - lettare skadd.

  • Jente (6) - alvorleg skadd.

Det var lange køar på E39 etter ulukka. Foto: Lise Viken

Ifølgje politiet har det vore ein front mot front mellom to av dei involverte bilane.

– Har de noko teori om kvifor ulukka skjedde?

– Nei, det vil eg ikkje seie noko om foreløpig. Vi har tatt avhør av vitne og gjort undersøkingar på staden.

Seks brannbilar køyrde til ulukkesstaden då alarmen gjekk.

– Når ein får melding om ei alvorleg trafikkulukke inne i ein tunnel så kjem ein alltid frå begge sider av tunnelen, forklarar Sigbjørn Villanger i 110-sentralen.

Klokka 20.42 blei tunnelen opna igjen.