I 50-sona midt i rushet fekk enkelte bilistar steinar kasta på bilen sin på Frekhaug.

Les meir her:

Siste innlegg

Har du tips eller spørsmål? Send ei melding her:

Send melding
Erlend Nordland Kristiansen

To førarkortbeslag på Radøy

Fv. 565 på Radøy: Her i dette området blei to bilistar fotgjengarar i løpet av søndagen. Foto: Erlend Kristiansen

Litt før klokka 14 melde Vest politidistrikt om at dei hadde gjennomført kontroll på Fv. 565 Radøyvegen.

Det resulterte i to førarkortbeslag på grunn av høg fart (99 og 89 km/t i 60-sone), pluss sju forenkla førelegg.

Grensa for beslag i 60-sona går ved 86 km/t.

Det er kanskje ikkje heilt tilfeldig at politiet har kontroll på Radøy denne dagen. Det er nemleg ekstra stor trafikk til øya på grunn av eit biltreff, ein «street meet», på Manger.

Ein politipatrulje som var på biltreffet fortel til Strilen at kontrollen blei halden ved Storheim, på strekket mellom Austmarka og Alversund.

Det er venta at eit par tusen er innom treffet, som også inkluderer utstilling av raske bilar og burnering-show i regi av Lyngøy Motorsport.

Det er mange besøkande til Radøy denne søndagsettermiddagen. Her frå stripa på Manger. Foto: Erlend Kristiansen
Erlend Nordland Kristiansen

Brann i høyballpresse

Klokka 12.45 melde 110 Vest at dei hadde sendt brannmannskap til Fonnebostvegen etter melding om brann i ein høyballpresse.

Kort tid etter var dei framme på staden og kunne opplyse om at brannen var sløkt.

Fonnebostvegen er vegen mellom Lindås og Fonnebost/Fanebust.

Erlend Nordland Kristiansen

Innstilt ferje på Lavik-Oppedal

Lavik ferjekai klokka 14.35. Foto: Statens vegvesen

Like før klokka 13 melde Norled at rute C på Lavik-Oppedal er innstilt.

«På grunn av at rute C er innstilt, endres ruten slik at det blir avgang 10 over heltime og 10 over halvtime. Dette gjelder inntil videre».

Så kom meldinga om at C-ruta blir innstilt resten av dagen.

Med fredag og utfartsdag kan det bli ein del kø på sambandet. Ved 14.30-tida er det bra med «trøkk» på ferjekaien på Oppedal-sida.

Henrik Hauken

Kort stenging på Fv. 57

Espelandstunnelen på Fv. 57 blei stengd i kort tid på grunn av opprydding, melde Vegtrafikksentralen klokka 13.26.

Kort tid etter blei tunnelen opna for fri ferdsel igjen.

Erlend Nordland Kristiansen

Terrengbrann i Alver

Brannmannskap frå Ikenberget, Lindås, Mastrevik og Kaland blei i 15-tida kalla ut til ein terrengbrann i Hundvin-trakter i Alver.

– Det er ein skog- og lyngbrann ved Hundvin. Vi har bede om assistanse frå skogbrannhelikopteret på Voss, sa vaktkommandør Sharooz Lahooti ved 110-sentralen til Bergens Tidende, i 15.45-tida.

– Det har pågått ei stund. Det er snakk om to–tre mål som brenn. Dei har delvis kontroll, seier Lahooti.

Allereie klokka 15.57 melde brannvesenet om at dei begynte å få kontroll på staden, men at det framleis gjekk føre seg sløkking.

Skogbrannhelikopteret blei avbestilt utan å vere involvert i sløkkinga.

Ifølge politiet, som også var på staden, skal brannen ha starta i samband med trefelling. Det skal ikkje ha vore fare for bygningar, då brannen starta i skog og utmark.

Det er ikkje meldt om skade på personar.

Det er for tida svært tørt, som gjer at brannvesenet er i beredskap med tanke på brannar i terrenget.

Erlend Nordland Kristiansen

Fri ferdsel etter ulykke

Bilar i kø ved ulykkesstaden på Fv. 602 i Gulen. Foto: Strilen-tipsar

Klokka 19.38 melde Vegtrafikksentralen om fri ferdsel på Fv. 602 i Gulen, kor det var ein kollisjon mellom ein bil og ein motorsykkel eit par timar før.

Strilen var i kontakt med VTS 20 minutt før, så då hadde fått tilbakemelding frå politiet om at vegen då framleis var stengt og at det vart jobba med å rydde opp.

Erlend Nordland Kristiansen

Gulen: Bil mot MC

Ulykka skal ha skjedd i ein sving i Kløva. Foto: Strilen-tipsar

I 17.40-tida melde Vegtrafikksentralen og 110 Vest om ei trafikkulykke på Fv. 602 i Gulen.

Ein bil og ein MC skal ha krasja i kvarandre på strekket mellom Takle og Brekke nord i kommunen.

– Førar av MC er vaken og bevisst. Nødetatane er på veg fram, melde Vest politidistrikt klokka 17.52.

MC-føraren, som var ein mann i slutten av tenåra, blei etter kvart flogen med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus.

Vegen blei stengd i samband med krasjen.

Kollisjonen skal ha skjedd austom Takle. Foto: Statens vegvesen
Erlend Nordland Kristiansen

Seig trafikk i Knarvik

Foto: Erlend Kristiansen

I 16-tida var det kø i Knarvik, først og fremst for trafikk på Fv. 57 ned mot rundkøyringa ved Hagelsundbrua.

Først og fremst er det mykje ettermiddagstrafikk, men det har ikkje hjelpt på at ein bil har fått stans på veg inn i rundkøyringa.

– Det er ein bil der hjulet har låst seg. Politiet er på staden og bilbergar skal vere der omtrent no. Trafikken flyt greitt forbi opplyser patruljen, opplyser Dan Erik Johannessen på politiets operasjonssentral klokka 16.25.

Når klokka har passert 16.30 glir trafikken nesten som normalt igjen.

Kø ned mot rundkøyringa i Knarvik. Foto: Erlend Kristiansen
Erlend Nordland Kristiansen

Masfjordtunnelen blei stengd

Klokka 14.47 melde Vegtrafikksentralen at E39 Masfjordtunnelen var stengt på grunn av eit køyretøy med stans inne i tunnelen.

Klokka 15.16 melde dei om fri ferdsel igjen.

Det blei likevel ein del kø, først og fremst på nordsida, gjennom, Matre, då det er ein stor heimfartsdag.

Erlend Nordland Kristiansen

Mann i rullestol på E39

Ferda langs E39 skal ha starta på Flatøy og halde fram vidare mot Knarvik. Her ser vi NH-brua i retning Flatøy. Gråsladden på bildet har ingenting med saka å gjere. Foto: Statens vegvesen

Klokka 13.55 melde Vest politidistrikt om ein person i rullestol på E39 på Flatøy.

«Flere meldinger om mann i en elektrisk rullestol som kjører nordover i motgående kjørefelt på E39. Kjørende fra Knarvik mot Nordhordlandsbroen må utvise forsiktighet. Politiet er på vei».

Klokka 14.04 melde politiet at rullestolbrukaren var blitt stansa på Hagelsundbrua. Der skulle dei ta ein prat med han og truleg geleide han på trygg grunn.

«Eldre mann har fått streng beskjed av politiet om å fortsette ferden videre på fortauet».

Erlend Nordland Kristiansen

Rykte ut etter melding om ordensforstyrring

Politiet ved rundkøyringa ved Amfi Knarvik og Knarvik terminal. Foto: Henrik Hauken

Klokka 13.16 på 17. mai melde Vest politidistrikt om at dei hadde rykt ut til Knarvik etter melding om ei ordensforstyrring ved bussterminalen.

Vel framme på staden kunne dei konstatere at det hadde vore usemje blant nokon på staden, men at det ikkje blei ei vidare politisak.

Erlend Nordland Kristiansen

Har merka fartshump: – Endeleg!

Små striper, små kvardagsgleder! Foto: Willy Borge

På Areklettvegen i Masfjorden, som går frå Fv. 570 og utover mot Holsøya og Areklett, er det fartshumpar.

Dét er det ikkje alle som får med seg.

Derfor kjem Willy Borge i Nordbygda med denne lokalnyheita:

«ENDELIG er fartshumpene på Areklettvegen merket. Håper dette bidrar til tryggere ferdsel for alle som ferdes på vegen. De var veldig vanskelige å sjå, mange fikk uventet hoppetur over», skriv han i ei melding til Strilen.

Ein fartshump, no også godt merka! Foto: Willy Borge
Her må du avpasse farten, både fordi det er hump og potensielt mjuke trafikantar og motgåande trafikk! Foto: Willy Borge
Martin Hjellestad

Bil køyrde i mur: – Ingen fastklemte

Like etter klokka 17 onsdag melde Vegtrafikksentralen om ei singelulykke på Fv. 570 Austfjordvegen i Masfjorden.

Ifølgje VTS har ulykka skjedd mellom Kvingo og Kjekallevågen bru.

Politiet melde at bilen har køyrt i ein mur, og at vegen blei stengd.

Førar av bilen blei beskriven som vaken og bevisst.

Brannvesenet var først på staden, mens politi og ambulanse kom til etter kvart.

Klokka 17.45 melde politiet at førar var køyrt til legevakt.

– Ingen mistanke om køyring i ruspåverka tilstand. Vegen er stengd og bilbergar er på veg.

Klokka 18.42 var vegen opna igjen.

Martin Hjellestad

Brann i terreng på Holsnøy

Klokka 18.10 tysdag fekk naudetatane melding om brann i terrenget på Holsnøy.

Politi og brannvesen rykte ut til staden.

– Det er ikkje fare for spreiing til busetnad. Brannvesenet har starta sløkking, melde operasjonsleiar i politiet, Tommy Veland, klokka 18.30.

Brannen skal ha oppstått i nærleiken av Grasdalstjørna/Espetveit, som er fem–seks kilometer nord for Frekhaug.

– Brannvesenet jobbar med å få kontroll på brannen. Har brent over eit større område og det ulmar framleis fleire stader. Fleire brannressursar på veg, melde politiet klokka 18.39.

Ti minutt seinare melde 110 Vest at brannvesenet har slått ned flammane.

– Det er framleis røykutvikling, så det er ikkje meldt kontroll endå, seier vaktkommandør i 110-sentralen, Dag Inge Gjesdal.

Men, klokka 19.04 melde 110 Vest om kontroll på brannen på Holsnøy. Det er framleis mannskap att på staden.

Like før klokka 21.30 skal naudetatane vere ferdig på staden.

– Det er eit område på cirka 1000 kvm som har brent. Politiet opprettar sak, melde operasjonsleiar Tommy Veland i politiet.

EK, MBH

Lang kø etter brann

Kø på Nordhordlandsbrua før klokka 15.30. Foto: Statens vegvesen

Det er i skrivande stund lange køar i Knarvik og omland etter at ein semitrailer tok til å brenne i Isdalstø då ettermiddagsrushet for alvor tok til.

Når klokka nærmar seg 15.30 er det kø over Flatøy og Nordhordlandsbrua, gjennom Knarvik og vidare ut til Alverflaten og Isdalgardane.

Vest politidistrikt melde at vegen opna for fri ferdsel igjen klokka 15.33. Det vil likevel gå tid før trafikken flyt som normalt att.

Like før klokka 16 strekk køen seg langt over NH-brua mot Åsane.

HH, MBH, EK

Brann i semitrailer i Isdalstø

Hendinga skal ha skjedd like ved avkøyringa til Spar Isdalstø. Foto: Henrik Hauken

Klokka 14.47 tysdag melde 110-Vest om at brannvesenet er på veg til brann i ein semitrailer i Isdalstø.

Strilen sin journalist i området seier det er lang kø og at bilistar snur.

– Det har byrja å brenne i eit dekk, og dei melde no kontroll på brannen, seier vaktkommandør i 110-sentralen, Dag Inge Gjesdal.

Køen står i 15-tida gjennom Knarvik.

Strilen oppdaterer

Køen står opp heile Isdalbakken og bakover forbi rundkøyringa i Knarvik. Foto: Henrik Hauken
Naudetatane er på veg til Isdalstø i motsett køyreretning på grunn av køen på Fv. 57. Foto: Henrik Hauken
Brannen førte til at Fv. 57 i Isdalstø vart heilt stengt. Foto: Henrik Hauken
Foto: Statens vegvesen
Erlend Nordland Kristiansen

2x førarkortbeslag

Knarvik: Her enda bilen etter utforkøyringa i Strandvegen måndag kveld. Foto: Erlend Kristiansen

Politiet har tatt midlertidig beslag i førarkorta etter ulykkene i Knarvik måndag og på Alverflaten tysdag.

Under ulykka på Alverflaten vart politiet vitne til det heile, då dei hadde kontroll berre få meter unna.

Ifølge Glenn UIrik Våge i NH-politiet hadde betjentane halde på i rundt 30 minutt då ein taxi med to personar køyrde i autovernet. Kontrollen vart då avslutta, utan at det vart gitt reaksjonar til nokon.

Det var to personar i bilen, der den eine blei sendt til sjukehus med ukjent skadeomfang.

Alverflaten: Like ved busstoppet krasja bilen inn i autovernet. Foto: ST-tipsar
Erlend Nordland Kristiansen

Arbeidstilsynet varsla etter Mongstad-ulykke

Arbeidstilsynet er varsla etter arbeidsulykka på Mongstad måndag, der ein mann i 20-åra skal ha blitt CO2-forgifta i samband med arbeid med ei motorsag i eit telt.

Arbeidaren blei frakta til Haukeland universitetssjukehus.

Glenn Ulrik Våge i politiet seier dei har oppretta sak på hendinga.

Ut frå loggen kunne ikkje han lese kor på Mongstad hendinga skjedde.

Erlend Nordland Kristiansen

Éin til sjukehus etter krasj

Det var ein taxi som krasja på Alverflaten i 7-tida. To personar var i bilen.

– Passasjeren blei henta av ein annan taxi, mens førar er sendt med ambulanse til sjukehus, sa operasjonsleiar i politiet, Steinar Hausvik, til BT.

Skadeomfanget er ukjent. Det er tatt beslag i førarkortet til føraren.

Politiet var allereie på staden då ulykka skjedde, som følge av ein ordinær politikontroll langs vegen.

Erlend Nordland Kristiansen

Åtvarar om terrengbrannar