I 14.30-tida vart det meld om røykutvikling i ein bubil ved ferjekaien i Sløvåg i Gulen, slik at brannvesenet rykka ut til staden.

– Det vart meld om røykutvikling i ein bubil. Det gjekk ei kort stund, så fekk føraren kopla frå begge batteria. Det skal vere snakk om to smelta leidningar, men det utvikla seg ikkje, fortel Arne Corneliussen ved 110-sentralen.

Det er ikkje meldt om at hendinga skal ha forseinka ferjetrafikken over Fensfjorden.