• Tips eller bilde frå trafikken? desk@strilen.no eller Facebook

På grunn av vasslekkasje i Sandviken er E39 i sørgåande retning stengt og det fører til mykje kluss i trafikken. I 7-tida onsdag er det lange køar på Arnavegen og Hardangervegen, som blir brukt som omkøyring.

Heimekontor

Dei som ikkje må ut å køyre, blir oppmoda om å ta heimekontor i dag.

– Dei som kan unngå å reise inn til Bergen, blir beden om å gjere det. Skyss og VTS har satt stab og vil iverksette tiltak.

Til NRK Hordaland hadde ein stril sendt melding:

– Har brukt to timar frå Frekhaug til Grimesvingane.

Ei stund etter skriv ein Strilen-lesar:

– Tre timar frå Flatøy til Grimesvingane.

Kollektivtrafikken

På sine nettsider har Skyss har lagt ut informasjon om korleis ein kan komme seg fram med båt og buss på morgonkvisten onsdag.

– Ein må rekne med store forseinkingar og misvisande sanntidsprognoser på haldeplasskilt og i Skyss Reise, skriv Skyss.

Fjordkatt og Rygertroll går begge i trafikk mellom Bergen og Nordhordland onsdag morgon.

Reisande frå Nordhordland:

  • Det er sett inn ekstra båt frå Knarvik kai til Bergen kl. 06:50, 07:50 og 08:50. Det køyrer altså to båter på sambandet

  • Linje 300E køyrer Knarvik - Arna - Hardangervegen - Bergen

  • Linje 300 køyrer Knarvik - Åsane - Arna kor ein kan ta linje 90, 300E eller tog vidare

Reisande frå sentrum mot Nordhordland kan:

  • Ta linje 3 Støbotn, 4 Flaktveit, 5 Åsane terminal, 6 Lønborglien frå haldeplass i sentrum til Ludebryggen (ved Gjensidige bygget), gå opp i Amalie skrams vei - Munkebotn - Sandviken sjukehus og ta buss vidare frå haldeplass Gamle Bergen

  • Ta linje 26 eller 300/300E som køyrer gjennomgåande via Sandviken - Åsane - Nordhordland

Mange måtte vente lenge på bussen frå Bergen busstasjon onsdags morgon.
Mannskapar frå bl.a. politi og ambulanse nær staden der fleire hus er evakuert og E39 er stengt som følge av lekkasje etter brudd på en vassleidning i Sandviken i Bergen. Foto: Marit Hommedal