Tips eller bilde frå trafikken? desk@strilen.no eller Facebook
På grunn av vasslekkasje i Sandviken er E39 i sørgåande retning stengt og det fører til mykje kluss i trafikken. I 7-tida onsdag er det lange køar på Arnavegen og Hardangervegen, som blir brukt som omkøyring.
Heimekontor
Dei som ikkje må ut å køyre, blir oppmoda om å ta heimekontor i dag.
– Dei som kan unngå å reise inn til Bergen, blir beden om å gjere det. Skyss og VTS har satt stab og vil iverksette tiltak.
Til NRK Hordaland hadde ein stril sendt melding:
– Har brukt to timar frå Frekhaug til Grimesvingane.
Ei stund etter skriv ein Strilen-lesar:
– Tre timar frå Flatøy til Grimesvingane.
Kollektivtrafikken
På sine nettsider har Skyss har lagt ut informasjon om korleis ein kan komme seg fram med båt og buss på morgonkvisten onsdag.
– Ein må rekne med store forseinkingar og misvisande sanntidsprognoser på haldeplasskilt og i Skyss Reise, skriv Skyss.
Reisande frå Nordhordland:
Det er sett inn ekstra båt frå Knarvik kai til Bergen kl. 06:50, 07:50 og 08:50. Det køyrer altså to båter på sambandet
Linje 300E køyrer Knarvik - Arna - Hardangervegen - Bergen
Linje 300 køyrer Knarvik - Åsane - Arna kor ein kan ta linje 90, 300E eller tog vidare
Reisande frå sentrum mot Nordhordland kan:
Ta linje 3 Støbotn, 4 Flaktveit, 5 Åsane terminal, 6 Lønborglien frå haldeplass i sentrum til Ludebryggen (ved Gjensidige bygget), gå opp i Amalie skrams vei - Munkebotn - Sandviken sjukehus og ta buss vidare frå haldeplass Gamle Bergen
Ta linje 26 eller 300/300E som køyrer gjennomgåande via Sandviken - Åsane - Nordhordland