– Smitteverntiltaka i Norge og resten av verda handlar om å beskytte risikogruppene og redusere belastninga på helsetenesta. Kriteria for kven som bør bli testa er basert på dette, opplyser Folkehelseinsituttet (FHI) i ei melding 20. mars.

WHO anbefalar at alle med luftvegssymptom blir testa. Norge er blant dei landa som testar flest i forhold til innbyggartal. Blant dei som er testa i Norge til no, har 95 prosent fått negativt prøvesvar.

For å sikre at helseressursar og testkapasitet blir brukt best mogleg, er det nødvendig å presisere at personar uten symptom ikkje skal bli testa, skriv FHI.

Kven bør testast?

Desse gruppene bør prioriterast for testing:

Dei som har akutt luftvegsinfeksjon med feber, hoste eller har vore kortpusta og som samtidig:

  • Har behov for å bli lagt inn.

  • Er pasient eller bur i ein helseinstitusjon.

  • Er tilsatt i helsetenesta med pasientnært arbeid. Denne gruppa kan vurderast for testing også ved mildare akutte luftvegssymptom som har vart over 2 døgn (medan dei held seg heime).

  • Er over 65 år og har underliggande, kronisk sjukdom (som hjarte-karsjukdom, diabetes, kronisk lungesjukdom, kreft og høgt blodtrykk).

  • Har vore i nærkontakt med ein person som har bekrefta koronavirussjukdom (covid-19). (Denne gruppa kan om nødvendig bli nedprioritert ved mangel på kapasitet).

Kven bør ikkje prioriterast?

  • Personer uten symptom skal IKKJE testast for covid-19.

  • Personar som har lettare akutt luftvegsinfeksjon, får vanlegvis ikkje tilbod om test, heller ikkje etter reise. Dei skal halde seg heime til ein dag etter at ein er utan symptom. Lettare akutt luftvegsinfeksjon kan for eksempel vere ei forkjøling eller vondt i halsen.

Det kan gjerast unntak og lokale tilpassingar.

Om du er forkjøla

Alle med symptom på luftvegsinfeksjon skal halde seg heime. Det er ikkje kapasitet til å teste heile denne store gruppa, og dei aller fleste har ikkje covid- 19.

– Fordi vi ikkje kan vite sikkert kven som er smitta, anbefalar vi at alle held seg heime til eitt døgn etter ein har vore utan symptom, seier overlege Trude Arnesen ved FHI.