Dette seier «Egget»-skapar Cato Lyngøy i Hauge Aqua.

I slutten av april går det endeleg mot sjøsetting av oppfinninga han har arbeidd med å få realisert i snart sju år.

Det første oppretts-egget er av den minste modellen, kalla E2000, som er 21 meter høgt og 15 meter breitt. Dette er om lag ti prosent av storleiken til dei store egga som skal marknadsførast mot næringa.

Senioringeniør Magne Bjørkhaug (til venstre) og dagleg leiar Cato Lyngøy i Hauge Aqua under botnseksjonen i det som skal verte det første oppdrettsegget. Foto: Hauge Aqua

Som planlagt

Sidan bygging av eit slikt glasfiber-egg er nybrottsarbeid, har Hauge Aqua samarbeidd tett med produsenten Herde Kompositt i Kvinnherad for å få alt rett i prosessen.

– Dei er flinke fagfolk og har hatt gode innspel på endringar som har både vore smarte og spart kostnader, seier Lyngøy, som berre har vore nøydd å gjere mindre justeringar undervegs.

Cato Lyngøy med ein miniatyrmodell av egget. Etter snart sju år med planlegging er det rett før det første egget er ferdig og skal takast i bruk. Foto: Kjell Arne Steinsvik

– Kva er de mest spente på?

– Største spenninga er sjølvsagt knytt til om fisken vil trivast i denne nye konstruksjonen. Alt me kan om faget tilseier det, men det kan koma overraskingar.

Eit tverrsnitt av egget slik det skal sjå ut når det er ferdig. Foto: Hauge Aqua

Ein annan ting dei får svar på når det første egget har kome i sjøen, er korleis dei tekniske og miljømessige ytingane fungerer i praksis.

– Me trur me skal læra mykje av dette fyrste egget og få mange verdifulle svar som me tek med oss inn i utviklinga av fullskala-egget.

Nordover

Når det er ferdigstilt og sjøsett, skal det første postsmolt-Egget slepast nordover til Romsdalsfjorden. Etter planen skal det setjast ut fisk i det allereie i mai månad.

Det er store dimensjonar på støypearbeidet. Det første egget vert 21x15 meter stort og er laga av kompositt. Foto: Hauge Aqua

– Korleis er interessa frå oppdrettsnæringa? Er det mange som no følgjer med på «klekkinga» av det første egget?

– Det har vore fin interesse. No gler me oss til å invitera oppdrettarane om bord slik at dei kan få sjå med eigne auge, seier Lyngøy.

– Kva mål har de for framtida med tanke på produksjon av fleire egg?

– Samstundes som me byggjer og testar postsmolt-egget, utviklar me fullskala-egget i parallell. Oppskaleringa er viktig for å gjera egget kommersielt attraktivt. I tillegg til at det må tilby konkurransedyktige produksjonskostnader for næringa, må det planleggjast for serieproduksjon. Det er for tidleg å gå i detalj om dette enno, seier Lyngøy.

Kragen før han vart lukka. Foto: Hauge Aqua

Pilotprosjekt

Prosjektleiar Arvid Skogseide i Herde Kompositt seier produksjonen av det første Egget har vore interessant for bedrifta.

– Vi har fått bruk for kompetansen vi sit inne med. Det har vore litt forskjellig som må løysast undervegs sidan det er eit pilotprosjekt, men det har gått bra og vi har hatt eit godt samarbeid med Hauge Aqua, seier han.

Sjølve produksjonen har gått føre seg ved å vakuumstøype delar av glasfiber, kjernemateriale og vinylester som gradvis har vorte sett saman til eit heilt egg.

– Det vert gjort litt på samme måten som når ein byggjer ein båt. Men her er det andre utfordringar med å setje saman bitane, sidan egget er tjue meter høgt.

Monteringa av dei ferdige delane skjer i ein stor rubbhall som er sett opp for anledninga.

Egget er venta ferdigstilt i månadsskiftet april/mai. Då skal egget heisast ut i sjøen ved hjelp av ein stor kranbåt og slepast nordover.