Det skjedde då Dalsøyra skule var vert for fylkestinga til Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Det er ein historisk dag, no kan me bli ein sterk vestlandsregion, sa Anne Gine Hestetun, fylkesordførar i Hordaland.

Den store spenninga var om namnet på den nye fylkeskommunen skulle bli Gulating, Fjordane, Vestland eller Vestlandet. Og Vestlandet blei det altså, sjølv om Gulen-ordførar Hallvard Oppedal kom med eit freidig forslag i grevens tid:

– Når de no skal samlast ved Gulatinget, burde jo namnet Gulatinget fylkeskommune vere sjølvsagt, sa Oppedal ifølge NRK.

Etter opphaldet på Dalsøyra har fylkestoppane no tatt turen til Eividvik og Gulatinget kor det blir festmiddag og markering utover dagen.

FESTPYNTA: Gulating Hotel i Eivindvik. Foto: Livar Aksnes