Dei som sorterar papiravfallet som kjem inn til NGIR sitt anlegg finn mykje rart blant papiret som ikkje bør vera der, og torsdag 25. januar oppdaga ein vaken arbeidar ein flott gullring.

– Dersom det var meininga å kaste ringen, må me minna om at ein gullring ikkje skal i papirdunken, men leverast som metall på gjenvinningstasjonen. Når det er sagt, hadde det vore betre gjenbruk å få smelta om ringen dersom ein ikkje ville bruka han meir. Men, kan henda det var eit uhell som gjorde at ringen hamna der - i alle fall kan eigaren få ringen tilbake, men berre ved å opplysa korleis inskripsjonen på innsida lyder, skriv NGIR i ei melding på Facebook-sida si.

Kjenner du nokon som har mista ein ring? Tips dei og be dei ta kontakt med NGIR!