Torsdag besøkte Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit Lindås kommune. I løpet av tre effektive timar skulle dei innom fleire av Lindås’ etablerte bedrifter, som Strilen nemnde i førre veke.

Sjølve besøka var det representantar for dei ulike bedriftene som tok seg av, men det var mogleg også for andre å få eit glimt av dei kongelege. Då burde ein stilla seg opp med finstas og flagg i forkant.

TIDSPROGRAMMET

11.20–13.02

Først besøkte Kronprinsparet Industriutvikling Vest, der dei møtte gründermiljøet som er etablert i «Dampen».

13.07–13.30

Etter besøket hos Industriutvikling Vest skulle Kronprinsparet vidare til Knarvik Industri og Miljø AS (KIM). Dette er ei vekstbedrift eigd av Lindås kommune, som gjev tilbod til 30 personar som treng tilpassa arbeidsoppgåver.

13.45–14.15

Dagen vart avslutta med kongeleg besøk hjå Hillesvåg Ullvarefabrikk AS. Ullvarefabrikken fyller 120 år i 2018.

– Det er verkeleg stas at Kronprinsparet tar turen til kommunen vår. Eg ser fram til besøket, og synes det er kjekt om innbyggjarane i kommunen stiller seg opp langs ruta. Det er god plass utanfor på alle plassane Kronprinsparet skal besøke, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes sagt til kommunens heimesider.