Her var dei kongelege på besøk torsdag

Hektisk program for dei kongelege i Lindås.

Publisert:

DAMPEN: Lokale barnehagebarn hadde møtt opp for å ta imot kronprinsessen då han kom til Knarvik. Foto: SILJE ANDVIK HOAAS

  • Erlend Nordland Kristiansen
  • Ketil Tjore
Denne artikkelen er over to år gammel

Torsdag besøkte Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit Lindås kommune. I løpet av tre effektive timar skulle dei innom fleire av Lindås’ etablerte bedrifter, som Strilen nemnde i førre veke.

Sjølve besøka var det representantar for dei ulike bedriftene som tok seg av, men det var mogleg også for andre å få eit glimt av dei kongelege. Då burde ein stilla seg opp med finstas og flagg i forkant.

TIDSPROGRAMMET

11.20–13.02

Først besøkte Kronprinsparet Industriutvikling Vest, der dei møtte gründermiljøet som er etablert i «Dampen».

13.07–13.30

Etter besøket hos Industriutvikling Vest skulle Kronprinsparet vidare til Knarvik Industri og Miljø AS (KIM). Dette er ei vekstbedrift eigd av Lindås kommune, som gjev tilbod til 30 personar som treng tilpassa arbeidsoppgåver.

13.45–14.15

Dagen vart avslutta med kongeleg besøk hjå Hillesvåg Ullvarefabrikk AS. Ullvarefabrikken fyller 120 år i 2018.

– Det er verkeleg stas at Kronprinsparet tar turen til kommunen vår. Eg ser fram til besøket, og synes det er kjekt om innbyggjarane i kommunen stiller seg opp langs ruta. Det er god plass utanfor på alle plassane Kronprinsparet skal besøke, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes sagt til kommunens heimesider.

Publisert:

Les også

  1. Runar fekk gullur av Kongen

  2. Kari Skår Solheim besøkte Kongen i gjenbrukskjole

Mest lest akkurat nå

  1. Ein person omkom

  2. Fjellstova vil utvida, men først må dei overleva krisa

  3. I haust skal det gjerast strakstiltak

  4. Fersk fisk frå hav til disk

  5. – Det viktigaste er at målgruppa får eit tilbod

  6. Her ønskjer Christel og Kristian å byggja hus, men Fylkesmannen seier nei

  1. Kongefamilien
  2. Kongehuset
  3. Hillesvåg
  4. Lindås