17. mai er like rundt hjørnet og me i Strilen gler oss stort til å feire nasjonaldagen!

Eit par av oss er på jobb, så møter du Strilen «i farta» må du berre helse på!

Vi kjem til å farte litt rundt omkring, slik at du kan få oppdateringar frå folkelivet rundt om i bygdene enten i løpet av dagen eller seinare når ting har roa seg litt.

Ha ein flott søttande!

Siste innlegg

Har du tips eller spørsmål om dette emnet? Vi vil gjerne høre fra deg!

Send inn
Martin Hjellestad

Feiring på Myksvoll

Foto: Vidar Seim
Foto: Vidar Seim
Foto: Vidar Seim
Willy Borge

Brrr!

Keth og Hogne Solheim på Vågseidestranda. Foto: Privat
Willy Borge

17. mai i Nordbygda

Her kan du sjå noko av feiringa i Nordbygda i Masfjorden

Klart for avgang mot Sjukeheimen Foto: Willy Borge
Foto: Willy Borge
Foto: Willy Borge
Foto: Willy Borge
Tradisjon tro, song og utdeling av roser til bebuarar på sjukeheimen Foto: Willy Borge
Villum i djup konsentrasjon Foto: Willy Borge
Melkespann kasting er nytt i år. Foto: Willy Borge
Erlend Nordland Kristiansen

Send inn bilde! [tips@strilen.no]

17. maifotballkos på Manger eit par år tilbake. Foto: Gunn Berit Wiik

Vi rekk ikkje overalt på den store dagen, så vi vil gjerne at lesarane våre bidrar med kva dei opplever og ser der dei er!

Så send gjerne inn bilde! Bruk tips@strilen.no eller send inn bilde/lesarreportasje via denne lenka.

PS: Postar du på Instagram, kan du bruke #strilen

Uansett kor du er kan du sende inn 17. mai-blinkskot til oss! Foto: Privat
Erlend Nordland Kristiansen

Hipp hipp hurra!

Foto: Martin Hjellestad

Gratulerer så masse med dagen til alle strilar og alle dei som skulle ønske dei var strilar.

Ha ein feiande flott dag, så oppdaterer vi frå 17. mai-feiringa utover dagen

Hjelp oss gjerne i form av å sende inn bilde til tips@strilen.no eller ved å sende inn bilde/lesarreportasje via denne lenka.

Erlend Nordland Kristiansen

Set inn ekstraavgangar 17.mai

Det går mange bussar til og frå byen på 17. mai, men ikkje så mange båtavgangar. Foto: Erlend Nordland Kristiansen

17. mai blir det køyrd søndagsruter i heile Vestland, melder Skyss.

Det blir også sett opp ei rekke ekstra bussavgangar frå bydelane og nabokommunane til Bergen sentrum – inkludert Nordhordland.

Linje 300 mellom Knarvik og Bergen:

  • Avgang frå Knarvik terminal til Bergen busstasjon kvart 15. min. kl. 09.00-11.00.

  • Avgang frå Bergen busstasjon til Knarvik terminal kvart 15. min. kl. 12.30-16.00

Det går også nattavgangar frå Bergen busstasjon: kl. 00.30, 01 og 02.45.

Bergen sentrum vil i stor grad vere stengt av under nasjonaldagen, og det påverkar også busstrafikken. Dette fører til at bussane i denne perioden må køyre andre traséar enn vanleg og dermed ikkje kan bruke alle haldeplassar som normalt. Men for 300-bussen er det normal trasé som gjeld då den frå før av går via Fløyfjellstunnelen.

Sjå heile oversikta på Skyss.no. PS: Der er også Nordhordlandsbåten oppført. Dessverre for mange er beskjeden: «Nordhordlandbåten er innstilt denne dagen». Det står i kontrast til Askøybåten som har kvardagsruter, pluss ekstraavgangar på 17. mai.

Erlend Nordland Kristiansen

Tilbakeblikk til fjoråret