Klokka 12 skal Sivilforsvaret testa varslingsanlegga over heile landet. Det betyr at folk i Knarvik-området kjem til å høyra tyfon-alarmen som er plassert der.

Signalet som blir sendt er tre lange tut, så eitt minutts pause, så tre lange tut, så eitt minutts pause, og så tre lange tut.

Lytt til radio

Dette signalet betydde opprinneleg «Viktig melding - lytt på radio». No betyr signalet at du skal søkja informasjon i til dømes radio, tv og sosiale medier.

Du treng ikkje springa for å henta DAB-radioen, for det er det altså berre ein test.

Tyfonane blir testa to gonger i året. Det finst om lag 1250 slike varslingsanlegg i Noreg. I Bergen er det mange tyfonar. I Knarvik står tyfonen på gamle Knarvik barneskule.

Strilane hadde god kontroll på kva dei skal gjera når alarmen går;

Flyalarm

Dersom sirenene varslar med korte støt i cirka eitt minutt bør du ikkje byrja å sjå på tv. Då er det viktigare å søkja dekning. Ein slik alarm betyr nemleg at det er venta flyangrep.

Når sirenene tutar samanhengande i eit halvt minutt betyr det at faren er over.

Bur du for langt unna til å høyra tyfonen? Då kan du få fram alarmen ved å klikka her.