«Nå er jeg veldig bekymret for hva som skjer på Seim. To av mine katter og to av naboen sine katter er forsvunnet. Vi har ikke sett de på 7 og 8 dager.

Har leitet langs veikanten, skur og garasjer og spurt «alle», men ingen har sett de. Er redd det er noen som fanger katter og ikke er snill med de

Fire kattar borte

Den meldinga låg May Britt Pedersen frå Vatne på Seim ut på ei bygdegruppe på Facebook 22. januar.

Ho har framleis ikkje sett noko til kattane sine, Pelsdotten og Småen, som er høvesvis 7 og 11 år gamle.

Pedersen synest det er merkverdig at fire kattar frå same området no er borte.

– Kattane mine er litt sånn at dei er vekke nokre dagar, så kjem dei igjen etter tre-fire dagar på det meste. Dei pleier ikkje å vere så lenge vekke på vinterstid, men så er det heller ikkje den kalde vinteren, seier Pedersen, som legg til at kattane pleier å halde seg i nærleiken av tunet.

– Dei er kastrerte og chippa begge to, så viss dei er på vandring, så lagar dei iallfall ikkje kattungar, seier ho muntert.

Småen har eit hakk i begge øyra, fortel matmor. Foto: Privat

Lokka på kattane

Ho har leita høgt og lågt i bygda. Huset ligg kort veg frå fylkesveg 57 og utanfor huset går vegen til og frå Seim, kor det er 50-sone. Enkelte køyrer likevel som om det er 80, fortel Pedersen.

Ho har derfor også sett i grøftekantane, utan å sjå teikn til nokon av kattane sine.

– Det gjekk fire-fem dagar, så lurte eg veldig på kor dei hadde blitt av. Nokon meinte at dei kanskje hadde sett dei i Hønsedalen, så eg gjekk bort der og ropte som «ei gal kjerring».

To kattar kom og viste seg – men det var ikkje May Britt sine.

Tilbake i huset har ho hunden Mikkel (8 år) og katten Mini (7 månadar). Dei saknar nok begge sine gamle venner. Mikkel likar særleg å leikeslåst med Småen.

– Ein blir jo heilt redd, verda er forandra. Katt er katt – men det er jo eit familiemedlem.

Mange katteskjebnar

Strilen har ved eit par høve omtalt korleis kattar ikkje blir tatt vare på i Nordhordland. For ei stund sidan måtte Dyrebeskyttelsen hente ut 51 kattar frå ein einskild koloni i ei av bygdene i Nordhordland.

Slike tilstandar er det ikkje hos Pedersen, som har stor kjærleik for kattane sine. Dette kommenterte ho på Facebook, då ho spurde om sambygdingane hadde sett kattane hennar.

«Det har vært/er (dessverre) mange i Nordhordland som ikke tar vare på kattene sine, og dette river i hjertet mitt.»