Det ligg an til å bli ein spennande valkveld og Strilen vil følge halde deg oppdatert etter kvart som resultata tikkar inn.

Tal som NTB viser til fortel at kring 900.000 nordmenn har valt å førehandsstemme til årets kommune- og fylkestingsval. Det tilsvarar over 20 prosent av alle som kan stemme.

Førehandstemmene er venta å bli klare i 21-tida.

Etter kvart som vallokala stenger vil ein også begynne oppteljinga av stemmene som har komme inn på sjølve valdagen. Dette vil pågå utover kveld og natta.

For dei fleste kommunar vil ein ha eit ganske klart bilde av resultatet i løpet av natta.

Ifølge valg.no er fristen klokka 17 den 10. september for førehandsstemmer som har komme seint inn.

– Oppteljing av stemmer går gjennom fleire kontrollmekanismar for å sikre at vi får eit korrekt valresultat.

Trykk her for å sjå alle sakene Strilen har skrive i forkant av dette valet.