Det seier trafikkoperatør Tom Hansen ved Vegtrafikksentralen.

Fleire meldingar frå Nordhordland

Han peikar mellom anna på eit eksempel frå Rogaland i morgontimane.

– Vi fekk melding frå ei kvinne som sa at temperaturmålaren i bilen viste pluss fem gradar, medan ho og bilen hennar sigla av stad på glatta, seier Hansen.

Vegtrafikksentralen har fått fleire meldingar frå Nordhordland i løpet av natta.

– Det har mellom anna vore glatt både ved Rossland, på Radøy og på E39 ved Kringa, mellom Matre og Instefjord. I 03-tida hadde vi alle strøbilar ute på vegane, fortel Hansen.

Køyr pent

I 06.30-tida melde NRK Hordaland at dei hadde fått eit tips frå ei kvinne som hadde køyrd frå Modalen til Romarheim på særs glatte vegar.

Trafikkoperatør Hansen ber trafikantar om å vere på vakt, sjølv om det er plussgradar og bar veg.

– Det kan vere glatt likevel. Det er nok ikkje snakk om underkjølt regn, men meir det at regnet frys når det kjem ned på bakken. Det er viktig at ein tar det litt ekstra pent og køyrer etter forholda. Eg reknar med at det vil bli betre i løpet av nokre timar, seier han.