AKTIVE JENTER: Vanja (12) speler både fotball og handball, Solveig Iren (12) speler handball, og Amalie (12) speler fotball og handball i Lindås IL
GOD BLANDING: Føredraget var spesielt tilpassa handball- og fotballspelarar og det kom både ungdom og foreldre på føredraget.

Måndag var ernæringsfysiolog Elisabeth Birkeland frå Olympiatoppen på Lindås for å snakka om kosthald og idrett. Ho hadde mange gode råd til ivrige fotball— og handballspelarar.

– De spring langt!

– De spring langt i løpet av ein kamp. Det er gjort målingar av fotballspelarar som viser at dei kan springa ein stad mellom 8 og 14 kilometer i løpet av ein kamp, og 2-3 kilometer av denne distansen er med høg intensitet. Å spela handball og fotball krev god kondisjon, og ein presterer betre på alle arenaer med eit godt kosthald, sa Birkeland.

Et normal mat

Hennar viktigaste råd til unge utøvarar er ikkje at alt dei et skal vera veldig sunt.

– Mange har fått med seg at det er viktig å velja sunne matvarer. Det er positivt, men me fokuserer ikkje like mykje på sunnheit no som me gjorde tidlegare. Det er så sterkt fokus på dette i samfunnet no at det for nokon kan bikka over, og det er heller ikkje heldig, sa Birkeland.

Ho understreka at det er viktig å tenkja på kva ein puttar i munnen, men at ein kjem langt med eit normalt norsk kosthald som blant anna inneheldt mjølk, egg, fisk, kjøt, ost, brød, pasta, ris, grønsaker, frukt og liknande, slik at ein får alle dei næringsstoffa kroppen treng.

Det ho la mest vekt på i føredraget sitt, var at det er viktig å eta jamt og ikkje hoppa over måltid.

Unngå svingande blodsukker

Ein presterer best både på skulen og på idrettsbana med eit jamt blodsukker.

– Hoppar du over frukost og/eller lunsj, så har du eit jamt lågt blodsukker. Då vert du trøtt og uopplagt på skulen. Når du så skal eta middag, så kaster du deg over maten og et altfor mykje. Et ein for lite eller for sjeldan, er også sjansen større for at du tyr til sjokolade og andre søtsaker, sa ho.

Birkeland råda folk til å eta fire måltid for dagen. Frukost, lunsj, middag og kvelds, og i tillegg eitt eller to mellommåltid der ein til dømes tek litt frukt, ein yoghurt med korn i, smoothie eller liknande.

– Spesielt mellom lunsj og middag kan det vera lurt, men det er ikkje snakk om at ein skal eta mykje. Det held med ei frukt, forklarte ho.

Drikk vatn eller svak saft

Birkeland råda også folk om å la det gå minst ein time frå ein har ete eit hovudmåltid til trening eller kamp. Et du middag og spring rett på trening, er det lett for å få sting eller bli dårleg.

Ho råda ikkje ungdommane til å bruka proteinpulver, eller bruka mykje pengar på sportsdrikk. Dei fleste får i seg dei proteina dei treng i eit normalt og variert kosthald.

– Ved fysisk aktivitet inntil ein time, held det å drikka vatn. Men skal du vera i fysisk aktivitet over ein time, eller spela fleire kampar på rad, så er det lurt å få i seg litt meir enn berre vatn. Ta med deg ei flaske med litt sportsdrikk eller tynt blanda saft i tillegg til vassflaska. Og då meiner eg saft med sukker i. For ein treng energien frå sukkeret. I dag er det ikkje så lett å finna saft utan kunstig søtning, men vanleg hushaldingssaft kan i alle fall brukast, sa Birkeland.

Grunnen til at ho råda folk til å bruka tynt blada saft og ikkje ei med meir smak, er at det ikkje skal bli for mykje energi heller, slik at blodsukkeret går rett opp og rett ned igjen.

– Å drikka mykje saft er ikkje så bra for tennene, så visst du trener ofte og brukar det ein del, så bør det vera tynt blanda, sa ho.

Hugs å kvila!

Birkeland forklarte også at det er viktig at foreldre og ungdommane sjølve tek omsyn til at dei er i vekst. Då må kroppen få det den treng for å veksa.

Og så er det viktig å legga inn nok tid til kvile og søvn. Kroppen treng å henta seg inn igjen. Det hjelper ikkje å satsa alt på trening for å utvikla deg og bli betre om du ikkje gir kroppen nok kvile og søvn

I tillegg oppfordra ho ungdommane om å få i seg ei banan, ein sjokomelk eller liknande rett etter kampar og harde treningsøkter.

– Et eller drikk noko enkelt med det same du er kome i garderoben, før du går i dusjen. Då hentar kroppen seg fortare inn att enn om du venter ein time eller to før du får mat i deg.

Det er også viktig å halda på gleda. Det skal vera gøy å trena, og ein skal oppleva matglede. Sjølv om kosthaldet er viktig og ein bør passa på at ein ikkje et for mykje eller for lite, så må ein ikkje fokusera så mykje på det at ein gløymer matgleda.

– Det hjelper ikkje om ein yoghurt er aldri så bra for deg, visst du må trua den i deg. Då er det betre å velja ein som ikkje er like sunn, men som du faktisk et.