Det var lagt opp til forviklingar og «intrigar» då Sæbø ungdomslag hadde framsyninga «Da laga seg nok». Stykket er ein bondekomedie frå 50-talet, der vi fekk vere med inn i stova til Berit og Lars, dottera Haldis og gardsdrengen Ola.

Fredag og laurdag var det fullt i salen i ungdomshuset på Sæbø.

Brennevin

«Da laga seg nok» er eit stykke skrive i 1955, og har blitt spelt av ungdomslaget med jamne mellomrom sidan den gong, men gjerne med 25 år pause mellom. Og stykket slo like godt an no som sist.

– Mannfolk er den verste sorten du kan ha i hus, meiner «Berit», spelt av Ingvill Taule.

I ullkorga finn dei både ein og to brennevinsflasker som er «steikande god for gikt», så fromme Berit tar brennevinet sjølv når dei andre ikkje ser. Og ho vil ikkje dele.

– Eg skal ikkje lede inn i freistinga, men eg kan hjelpe mot det vonde.

«Gamlingen»

Torbjørn Drivenes spelte gardsdrengen Ola, og er godt nøgd med oppmøtet på dei to framsyningane.

Sist stykket blei spelt var han òg med, men han er ikkje heilt sikker på kva for rolle han hadde då.

To kveldar spelte revygruppa for fulle hus. Foto: Privat

– Den gongen huskar eg at vi skulle ha tak i ein gamling, seier han.Han synest det berre er morosamt at det no er han som er «gamlingen». Noko han til dels stadfestar når han fortel om øvingstidene i forkant av framsyinga.

– Dei sa at eg fann øvingstidene på Facebook. Eg gjorde som eg gjorde i gamle dagar. Eg skreiv på manuset når neste øving var. Eg har kontroll sjølv om eg ikkje er på Facebook.

Ei taus

Han synest det er artig å sjå kor tidene forandrar seg. I stykket snakkar dei om ei «taus», som ikkje er å vere utan språk, men rett og slett ei gardsjente.

Tausa «Marie» vart spela av Cathrine Taule.

– Eg merka stor forskjell frå fredag til laurdag. Det kom mange latterbrøl frå salen på laurdag, og då gir du litt ekstra, seier Torbjørn.

Han er glad for at lokalmiljøet støttar opp om teateret når det skjer noko i bygda. Tidlegare i haust var det òg dugnad for å få rydda på loftet og på scena og gjere klart til framsyninga.

Ungdommar

– Faktisk var det ei dame på vel 80 år som hadde spelt det stykket første gang i 1959. Ho kjente seg igjen, og ho huska kva for ei rolle ho hadde hatt, fortel Torbjørn.

Etter at framsyninga var slutt laurdag, var det duka for fest i ungdomshuset.

– Eg forsto det sånn at folk hadde hatt det kjekt. Vi fekk berre gode tilbakemeldingar.

Fleire han har snakka med har sett stykket fleire gongar, altså med 25 år mellom kvar gong.

– Det var faktisk ungdommar der òg. Eg spurte kva dei gjorde der, men dei synest det var kjempegøy. Dette fengar visst ungdomen òg, seier Torbjørn.

– Det enkle er ofte det beste.