– Nei, Aslaug Låstad Lygre kjem til å vera med meg så lenge eg pustar, seier songaren og skodespelaren Linda Fosse.

Fosse vart kjend med Lindås-lyrikaren, då ho på slutten av 90-talet var på jakt etter gode dikt å setja tone til.

Dei siste 11 åra har ho spelt førestillinga "Du skal ikkje sova bort sumarnatta" hundrevis av gonger land og strand. Likevel har ho ikkje blitt lei.

– Nei, for det dukkar enno opp nye nyansar. Eg finn stadig meir i dikta, så førestillingane har endra seg mykje på desse åra, seier ho.

Førestillinga søndag "Eg og Aslaug er på Lindås" er også ei markering av at det i år, nærare bestemt 19. desember, er 50 år sidan Aslaug Låstad Lygre gjekk bort.

Med seg som gjestar har Linda Fosse invitert Audhild Fosse og ordførar Astrid Århus Byrknes. Dei skal alle tre fortelja om sitt forhold til Aslaug Låstad Lygre, før ordføraren og Linda Fosse debuterer som duett. Deretter blir kvelden avslutta med Linda Fosse si absolutt siste Sumarnatt-førestilling.