Senterparti-politikaren heldt eit engasjert innlegg då kommunestyret vart bedne om å koma med ein uttale til Bergen kommune sitt forslag om å auka bompengane.

På dagar med høg forureining ønskjer Bergen å auka bompengane for personbilar til 225 kroner per passering i rushet, og 95 kroner utanom rushet. Pengane skal brukast på å betra kollektivtilbodet på dei same dagane.

Kor er desse bussane?

– Eg har forståing for at luftforureining er eit problem i Bergen, men eg er svært skuffa over Bergen kommune si handtering denne situasjonen. Det ser ikkje ut som om dei gjer andre grep enn å gjera det vanskelegare for folk flest å komma seg fram. Ideen om å setja inn fleire bussar kjem ikkje til å fungera. Det er ikkje slik at det er ein masse ledige bussar og bussjåførar i Hordaland til ei kvar tid, og i alle fall ikkje i rushet. Då er alle bussane i bruk. Og kva med innfartsparkering? Kor skal folk i distriktet setja frå seg bilen når dei skal ta bussen til byn? spurte Holmetun.

Han la til at luftforureining har vore eit problem i Bergen sentrum i 50-60 år.

– Det er på tide at Bergen kommune kjem opp med ei skikkeleg løysing, sa han

Ta heller vedfyringa

Sigmund Larsen i Frp og Marit Jøssang i KrF heiv seg med i debatten.

– Biltrafikken er ikkje hovudårsaka til forureininga. Dei fleste har no fått med seg at det er vedfyringa. Dei må få folk til å skifta ut omnane! sa Larsen.

Jøssang meinte Holmetun hadde eit godt poeng når han snakka om innfartsparkering og kapasiteten på buss og båt.

– Det er ikkje berre folk som bur i sentrale strøk som pendlar til Bergen på arbeid. Folk frå distrikt skal også inn til byn. Skal ein auka bompengane på desse dagane, så må ein i alle fall ha klar ei løysing som gjer det mogleg for folk å komma seg fram, sa Jøssang.

Alle partia var innom talarstolen i løpet av debatten. Ap og Høgre var også skeptiske til å auka bompengane utan betre kollektivløysingar frå distriktet, medan Miljøpartiet dei grøne ser annleis på saka.

– Det er nok ingen bombe at Miljøpartiet er for dette. Her prøver ein å få bilistane til å endra åtferd for å få ned luftforureininga, og det meiner me er viktig. Kva med dei som får store helseplager i den dårlege lufta? Det går an for folk å samarbeida. Kjører ein fire personar i ein bil, så vert det ikkje så dyrt å passera bompengeringen, sa Åshild Aamli, som var inne som varar for Karina Garnes Reigstad (MDG).

Stiller nokre krav

Fleire parti kom med framlegg i løpet av debatten. Det som fekk flest stemmer og vart vedteke, var eit fellesframlegg frå Høgre, KrF, Ap og Senterpartiet. Vedtaket var nokså likt det som stod i sakspapira frå rådmannen, men det er litt spissare i formuleringane.

Framlegget fekk 20 stemmer, og inneber at Meland kommune vil støtta ein auke i bompengane ved høg luftforureining, men ber om at kollektivtilbod frå distrikta og inn til byen vert styrka, at det vert lagt tilrette for innfartsparkering, at folk vert varsla i god nok tid på førehand til at dei kan innretta seg slik at dei kjem seg fram på ein god måte. Ein ber og om at Bergen kommune gjer fleire tiltak for å løysa forureiningsproblemet.