Etter ein spennande finale gjekk samiske Ella Marie Hætta Isaksen laurdag sigrande ut i «Stjernekamp». Ein som følgde ekstra spent med på finalen, var festivalsjef Viggo Randal i Utkant, for han hadde nett booka henne og bandet hennar, Isak, for neste års festival.

– Me er veldig glade for å kunna gå ut med denne nyheita no, seier Randal i ei pressemelding.

Komplett

Han meiner Hætta Isaksen gjennom «Stjernekamp» har demonstrert at ho er ein komplett entertainer. Også bandet Isak imponerte under årets Spellemanns-show, tykkjer han.

Under finalen laurdag framførde Hætta Isaksen ein av Isak sine låtar, noko Randal meiner viser kva publikum har å gleda seg til til sommaren.

Randal kan og fortelja at dei alt har klare fleire store namn til festivalen til sommaren, men dei vil han gå ut med litt seinare.

Festivalen neste år skal vera 25. - 27. juli, og det er den trettande i rekkja.