– Her måtte eg godt utanfor komfortsona mi, kommenterer Tommy sjølv.

På videoen over ser du han framføre den velkjende «Hallelujah», eigentleg ein Leonard Cohen-song - men her heime mest kjent som stjernenummeret til dei såkalla nye Gitarkameratene.

Det var på festmiddagen etter eit todagars seminar i regi av Norges Bordtennisforbund at Tommy Urhaug stod for underhaldninga.

Salen braut ut i applaus då framføringa var over. Grunnen til det kan du sjå og høyra på videoen over: Den meritterte bordtennisspelaren syng klokkeklart og vakkert.

– For ein del år sidan spelte eg i ein duo saman med svogeren min. Me hadde oppdrag på bryllaup, julebord og liknande, forklarer Tommy sjølv.

Tommy Urhaug Foto: Lefteris Pitarakis / AP

Ein særs kort korkarriere kan han òg skilta med.

– Men då spelte eg trommer i bandet, smiler Tommy.