Etter fleire grasbrannar som har ute av kontroll, ber brannsjef Karl Romarheim om at folk lar vere å tenne bål dei neste dagane, skriv Lindås kommune på sine nettsider.

Spesielt i Modalen er det stor fare for skogbrann, ifølgje yr.no.

Seinast fredag ettermiddag brann det på Radøy.

Meland og Lindås Brannvern har vore på fleire oppdrag den siste tida, og ønskjer ikkje å få fleire telefonar om grasbrann ute av kontroll.

– Sidan det er meldt regn på tysdag i neste veke, blir det ikkje totalforbod i denne runden. Men vi ber folk om å ikkje tenne bål! Det er så fort gjort at elden spreier seg, seier brannsjef Karl Romarheim til kommunen.

Bålforbod

Frå 15. april til 15. september er det eit generelt bålforbod i skog og mark. I enkelte tilfelle er det likevel lov å gjere opp bål dersom det heilt klart ikkje kan medføre brann.

Den høge skogbrannfareindeksen på Vestlandet viser at ein for tida ikkje kan garantere at bruk av ild utandørs ikkje vil føre til brann.

Inntil skogbrannfareindeksen igjen viser «Liten fare», er det difor ikkje tilrådelig å for eksempel gjere opp bål eller bruke eingongsgrillar i vasskanten, på barfjellet eller i eigen hage. Dette gjeld også lyngsviing og flatebrenning.