Meteorologen seier at det vert sol og opphald uten vind i ei veke.

– Det ser lovande ut. Det er ein veldig liten mogelegheit for regn eller vind, men nokre stader kan det komma tåke.

Han fortel at det er dei lave tåkeskyene som kan øydelegga litt, men at det er ein mindre sjanse for det.

– Det er fuktig luft no, så det kan verta glatte parti på vegane, sjølv om målestokken viser plussgrader, seiar Livik.

Temperaturen vil vera på tre-fire plussgrader, men vil synke utover veka slik at me får minusgrader.

– Det ser lovande ut, seiar meteorologen om vêret dei neste dagane. Foto: Maria Hellem Johnson
Måndag morgon låg det låg skodde over Knarvik. Foto: Maria Hellem Johnson