Det var BA som måndag morgon melde at den eine mannen som vart dømt etter asylbrannen på Vågseidet, no er frikjent.

I Bergen tingrett vart både den 37 år gamle mannen og hans 36 år gamle veslebror dømt etter mordbrannparagrafen.

Tilstår å ha tent på asylmottaket

Frikjent

Saka har no tatt ei ny vending etter at den 36 år gamle veslebroren tok på seg all skuld og frikjente broren sin då ankesaka kom opp i Gulating lagmannsrett nyleg.

– Han er naturlegvis glad og svært letta over at det no er over, uttalte forsvarar Fredrik Schøne Brodwal til BA i etterkant.

Det har lenge vore kjent at 37-åringen ikkje var i området brann-natta. Det er i motsetnad til veslebroren og ein 40 år gammal kamerat. Dei blei stoppa som første bil i kontrollposten som politiet oppretta i Isdalstø. Dette skjedde berre 22 minutt etter at meldinga om brannen kom inn.

Juryen konkluderte altså med eit «nei» då skuldsspørsmålet kom opp før helga.

Mildare straff

Samtidig som den eine polakken går fri, får han som erkjenner straffskuld mindre straff.

– Me snakkar ikkje lenger om ei domfelling for ein forsettleg mordbrann, og då må me redusera straffa i tråd med dette, seier statsadvokat Benedikte Høgseth til NRK.

Han blir no dømt for grovt skadeverk og uaktsom mordbrann.

Ingen kom fysisk til skade i brannen, men to personar måtte redda seg ut av den brennande bygninga.