SISTE: Fregatten KNM Helge Ingstad held på å kantra ved Stureterminalen. Også ein slepebåt var involvert i ulykka.

Det var klokka 4.41 natt til torsdag at 110 Hordaland melde om at ein tankbåt og ein fregatt hadde kollidert i Hjeltefjorden ein stad mellom Radøy og Øygarden. Ifølge Statens havarikommisjon var også slepebåten Tenax involvert i ulykka. Slepebåten hadde tankbåten på slep.

Ifølge VG skal det ha vore 137 personar om bord i fregatten KNM Helge Ingstad og 23 på Sola TS. Av desse skal minst sju vere skadd, alle på fregatten og alle berre med lettare skader.

Det er innført ferdsleforbod på land (1000 meter), sjø (1500 meter) og luft i området.

Fregatten, som har vore med på militærøvinga Trident Juncture, tar inn vatn og dei fleste på om bord vart tidleg evakuerte.

– I ettertid mista KNM Helge Ingstad kontroll og dreiv i land rett nord av Stureterminalen med 137 personar om bord. 127 av desse er no evakuert og det er no ti personar igjen om bord, uttalte Eirik Valle, vakthavande redningsleiar ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge før klokka 06 til NRK Radio.

PÅ RETUR: KNM Helge Ingstad var på veg heim til Haakonsvern etter militærøvinga Trident Juncture då ulykka fann stad i Hjeltefjorden. Foto: Vestnytt
Foto: Christine Fagerbakke
STOR AKTIVITET: Svært mange fartøy ligg utanfor Stureterminalen i Øygarden, kor fregatten KNM Helge Ingstad ligg. Bildet er tatt frå avstand, frå Skjelanger. Foto: Privat

Fregatten har fått ei flenge i skroget, og det skal ha lekt ut mykje olje. Båten skal ha slagside.

– Det er mest diesel, det er så langt bekrefta at 10.000 liter har runne ut i sjøen, fortel vakthavande ved Øygarden brann og redning.

KNM «Helge Ingstad» ligg ved Stureterminalen i Øygarden pr klokka 08.45, kor brannvesen, slepebåtar, Kystverket, Røde Kors pluss redningshelikopter bistår i redningsarbeidet.

Tankskipet Sola TS skal ha 625.000 tonn fat med råolje om bord, men skipet skal ha komme greitt frå støyten, og det er ikkje snakk om lekkasje.

Forsvaret har oppretta pårørandetelefon på 800 87 650.

STOPP: Vegen ved Stureterminalen er stengd. Foto: Christine Fagerbakke
REDNINGSAKSJON: Det har i halve natt pågått ein redningsaksjon i Hjeltefjorden der over 100 mann har blitt evakuert frå KNM Helge Ingstad. Fregatten ligg no ved Stureterminalen, medan tankeren Sola TS ligg i sjøen utanfor Bøvågen pr. klokka 06. Foto: skjermskot/Marine Traffic
FREGATT: KNM Helge Ingstad kolliderte med Sola TS natt til torsdag. Foto: Cavernia/Wikipedia