Frå i dag, 4. april, er skattemeldinga for 2017 tilgjengeleg elektronisk i Altinn.

– Du er sjølv ansvarleg for at skattemeldinga di er rett. Difor er det svært viktig at du sjekkar at alt er med og at du får frådraga du har rett på. Hugs at skattemeldinga er førehandsutfylt, ikkje ferdigutfylt, skriv avdelingsdirektør Trude Husevåg i Skatteetaten, og minner om at ein kan finna meir informasjon på nettsida skatteetaten.no

Fristen er 30. april

Fristen for levering av skattemeldinga er 30. april for lønnstakarar og pensjonistar. Dersom du ikkje har endringar, så er det ikkje nødvendig for deg å senda den inn.

For næringsdrivande er fristen 31. mai. Næringsdrivande har ikkje leveringsfritak og må levera skattemeldinga elektronisk.

Skatteoppgjer frå 27.juni

Første skatteoppgjer kjem i juni, og du vil få e-post eller SMS frå skatteetaten når dette er klart. Dei fleste får skatteoppgjeret 27.juni. Neste moglegheit er 2. august. Deretter blir det løpande oppgjer fram til 25. oktober.

Dei som leverer skattemeldinga på papir, samt næringsdrivande og deira ektefeller, får skatteoppgjeret sitt tidlegast i august. Og har du pengar til gode, blir desse utbetalt innan tre veker etter at skatteoppgjeret ditt er klart.

Flest får pengar igjen

Førebelse tal viser at 280.712 skatteytarar i Hordaland har pengar til gode, og desse vil i gjennomsnitt få utbetalt 11.900 kroner, medan 76.677 ligg an til å få restskatt. Desse må i gjennomsnitt ut med 24.857 kroner.

Tala for til dømes Lindås viser at 8077 skatteytarar kan venta seg i snitt 10.630 kroner tilbake, og 2230 ligg an til å få restskatt, som i gjennomsnitt er på 15.711 kroner.