Det var søndag ettermiddag at pyrineer-valpen Ivo forsvann frå tunet heime på Hosteland i Masfjorden.

Leita høgt og lågt

Sidan då har eigaren, Kristin Torjus Johnson, leita høgt og lågt etter den ti månadar gamle hunden, som forsvann frå Ålevollane.

– Eg tenkte først at den ville komma tilbake. Me leita og kjørte rundt heile kvelden, men panikken slo ikkje heilt inn før på måndagen. Ingen har sett eller høyrt frå han sidan han forsvann.

– Det er ein pyrineer. Det er ein valp, men det er ein stor hund, ein «labbetuss».

Klarsynt og drone

No har Kristin fått hjelp av både ein klarsynt og ein drone for å finna Ivo.

– Det var ein som tilbydde seg å kjøra drone over Fitjevatnet. Eg var livredd for at hunden kanskje kan ha gått gjennom isen, det er jo mykje mildare ute no og isen er ikkje særleg trygg.

Ho takkar alle dei som har vore ute og leita eller spreidd saknameldinga i sosiale media.

– «Ivo» er ikkje redd for menneske i det heile tatt. Han er veldig «laidback», men spring ikkje rett opp i folk. Det verste han kan gjera er å slikka av deg brillene.

Har du informasjon om Ivo kan du kontakta Kristin på telefon 950 46 888.