ALLE BIDRAR: Serveringa blir etter korgfestprinsippet, kor alle bidreg med litt kvar til buffeen. Foto:
DANS: Dansegruppa i barnelaget blir med. Foto:
ROCK: Rockeklubben og Golden Wings blir med. Foto:

Den store bygdefesten har vore planlagt over lengre tid og gruppa som jobbar for trivsel, utvikling, bulyst og tilhøyre i bygda, kan knapt venta med å setja sitt første store arrangement ut i livet.

– Målet er å arrangera ein møteplass for både nye og innbarka lindåsingar, og me ønskjer å bruka arrangementet blant anna til å presentera mykje av det bygda har av aktivitetar, lag og foreiningar, seier leiar i gruppa, Gurid Helene Espe.

Frå rock til leikarring

Ho fortel at ungdomslaget blir med, det kjem to grupper frå leikarringen, Lindås songlag blir med og det same blir rockegruppa med Golden Wings. Det blir også danseoppvising av ungdommar i bygda, og Lindås skulekorps skal opna ballet.

– Underhaldninga blir i fleire omgangar slik at det blir god tid til masse drøs og overraskande aktivitetar i pausane, seier ho.

Gratis

Serveringa blir etter korgfestprinsippet, kor alle bidreg med litt kvar til buffeen. Dermed blir arrangementet gratis.

– Me oppmodar alle som har fått nye naboar eller kjenner til nytilflytta lindåsingar om å bidra til å gjera festen kjent for dei. Kanskje det er lettare om dei har nokon å gå saman med, seier Espe.

Ho understrekar at dei har oppunder 400 stolar, så dei skal finna plass til alle.

Dette er Liv og lyst-prosjektet:

Liv og Lyst-satsinga er eit partnarskap mellom Fylkesmannen, Hordaland Fylkeskommune og Innovasjon Noreg, kor ein ønskjer å fremja bulyst og utvikling i distrikta.

Lindåsbygda søkte om å bli tatt opp som prosjekt, og vart med i satsinga som 3-årig prosjekt frå 2016. Mål for Liv og Lyst-prosjektet Lindåsbygda, er å bidra til å auke bulyst, identitet og samhald, samt fremja utvikling i bygda.

Ein får årleg tildelt midlar frå partnarskapet, og kommunen forpliktar seg til å bidra med kontaktperson og midlar.

Liv og Lyst-prosjektet er forankra i grasrota, det vil seia at det er innbyggarane sjølve som definerer kva som er viktig, og som gjennomfører tiltaka ein i fellesskap vert einige om