– Vi fekk melding om raset klokka 06.39 tysdag morgon. Vegen er framleis heilt stengt på staden, seier trafikkoperatør Kristian Fauskan ved Vegtrafikksentralen Vest.

Ifølgje trafikkoperatøren skal det vere snakk om store steinar som har rast ut og ligg i vegbana. Raset har skjedd i nærleiken av Slottsporten.

– Eg veit ikkje noko om når vegen kan opna. Geolog er på veg, og vi må venta på svar frå dei. Det skal ikkje ha vore bilar eller personar som er treft av steinane, seier Fauskan.

Ny vurdering blir gjort klokka 12.

Klokka 11.45 melde Vegtrafikksentralen at dei no har opna eitt felt på fylkesveg 569 ved Slottsportentunnelen.