Det var i ei børsmelding måndag kveld det var kjend at avfallsselskapet RenoNorden slår seg sjølv konkurs. Selskapet har hatt kontrakt med NGIR om avfallstømming.

Fekk ikkje fornya lån

I vår region hadde RenoNorden ansvar i alle våre lokale kommunar: Austrheim, Gulen, Solund, Lindås, Fedje, Meland, Masfjorden, Modalen og Radøy.

Etter at bankane DNB og Danske Bank ikkje lenger vil gi lån til selskapet blei det klart at dei valte å slå seg sjølv konkurs.

Tente ikkje pengar

Strilen har tidlegare skrive om at RenoNorden har vore i pengeskvis, og forhandling med bankane om å utsetta lån.

For dei siste par åra har aksjekursen til selskapet stupt etter at det vart kjend at selskapet hadde inngått kontraktar om renovasjonshenting som dei ikkje ville tena pengar på. Desse kontraktane hadde ei varigheit opp mot ti år.

Seinast i desember 2016 vart det henta inn 350 millionar kroner i ny eigenkapital, men det kom nye negative resultatvarsel også i 2017. Tidlegare har også RenoNorden varsla at dei er har vore i diskusjonar med långivarane om å endra lånevilkåra, og at selskapet også vil invitera utvalde norske kundar til diskusjonar.

Stor aktør

RenoNorden er ein leiande aktør i Norden innan innsamling av hushaldsavfall. Over 5 millionar innbyggarar i Norge, Sverige, Danmark og Finland har fått bosset sitt henta av ein bossbil kjørt av tilsette i RenoNorden. Berre i Norge dekka avfallsgiganten 150 kommunar.

RenoNorden varsla i august 2016 om at dei etter ein gjennomgang av anbodskontraktar som selskapet vann i 2015 og 2016, hadde bunde seg til arbeid som dei ville tapa pengar på. Avtalen med Nordhordland og Gulen interkommunale renovasjonsselskap (NGIR) er ein av fleire der RenoNorden leverte tilbod langt under det konkurrentane hadde rekna seg fram til.