– Ein person er frakta til sjukehus med luftambulanse, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Det var måndag kveld i 18.30-tida at Vest politidistrikt meldte om ei trafikkulukke på Glenjevegen i Gulen.

Det skal ha vore ei front mot front-ulukke mellom ein minibuss og ein personbil.

Totalt fem personar var involvert i ulukka. Fire av dei kom frå hendiga utan skader, medan ein person blei sendt til sjukehus med luftambulanse.

Algrøy kunne ikkje seie noko om skadeomfanget til vedkommande.

Politiet har oppretta ei sak på hendinga.

Det skal ha vore svært glatte vegar i området då ulukka skjedde. Tidlegare samme dag hamna ein personbil i i Skåldalselva i Gulen.