Brannvesenet fekk klokka 17.44 søndag melding om brann i eit bustadhus på Flatøy i Meland kommune.

Alle naudetatane kom kjapt fram til staden.

Tre personar er registrert på adressa, men berre éin skal ha vore til stades. Ingen kom til skade, melde politiet.

Brannen skal ha starta på eit kjøkken, nærmare bestemt i ei kjøkkenvifte. Det skal ha vore synlege flammar. Det vart likevel raskt kontroll på situasjonen, slik at ein kunne starta utlufting.

Politiet seier at det er uklart kvifor det tok fyr i kjøkkenvifta.

Foto: Erlend Kristiansen
Foto: Erlend Kristiansen