Torsdag formiddag melde politiet om innbrot i fleire bustadar og garasjar i Kubbaleitet i Isdalstø.

Tjuvgods i telt

Eit par, ei kvinne i 40-åra og ein mann i 30-åra, vart pågripen og sett i fengsla forvaring i Bergen.

– Paret skal ha blitt observert i området. I natt skal ein huseigar blant anna ha oppdaga dei to i leilegheita si, seier operasjonsleiar Morten Rebnord.

Det mistenkte paret skal ha stole eigedelar frå fleire eigedommar, blant anna ein husnøkkel.

– Om det er innbrot eller om ein har gått inn opne dører, er ikkje kjent.

Paret skal ha sett opp eit telt i området. I dette skal fleire av dei stolne tinga ha blitt funne.

Sett lite og ingenting

Fleire naboar hadde ikkje fått med seg at det hadde vore tjuvpakk i nabolaget.

– Eg er tidleg oppe og plar no sjå ut, men eg har ikke fått med meg noko mistenkeleg, seier Terje Kallekleiv, som bur like oppom Kubbaleitet.

NABOAR: Terje og Jarle Kallekleiv hadde ein roleg torsdag, og sakna ikkje eigedelar slik ein del andre gjerne gjorde.

Han fortel vidare at dette er eit stille og roleg nabolag.

– Eg veit ikkje om noko anna enn då det var tjuvar i garasjen her og stal bensin frå bilen til faren vår. Det var for femti år sidan, seier han og ser på broren sin og ler.

UTBYGGING: Håkon Reigstad og co arbeider med Alverparken. Dei hadde ikkje sett noko mistenkeleg då dei starta arbeidsdagen sin torsdag morgon.

Håkon Reigstad i Reigstad Bygg og Eigedom hadde heller ikkje sett så mykje. Firmaet hans arbeider for tida med Alverparken, som er det store utbyggingsprosjektet som skal binda Alvermarka og Isdalstø saman.

– Me har ikkje sett nokon her og me saknar ingenting, seier han.

KUBBALEITET: Bustadfeltet ligg idyllisk til med utsikt mot Kvernafjorden og Hagelsundet. I natt prøvde eit par å bryta opp litt av idyllen.