Politiet har fått inn ein konvolutt med pengar frå nokon hyggelege folk, som har levert den inn på lensmannskontoret i Knarvik. På konvolutten skal det ha stått «Til Aleksander» og «Frå bestemor», men politiet veit ikkje kven desse er.

Dei som måtte kjenne til dette blir beden om å ta kontakt med politiet.

Klarar Aleksander eller bestemor å overbevisa om at det er deira konvolutt og pengar, så skal dei/Aleksander få pengane sine att.

Konvolutten skal ha blitt funnen i Knarvik-området.