– Me har fått fleire meldingar om både sau og kyr ulike stader dei siste dagane, åtvarar fungerande lensmann Ivar Holmaas.

Meldingane kjem både frå E39 og frå stader på Radøy.

Dei siste dagane har óg fleire aviser skrevet om sauer som trekk inn i tunnelar på grunn av varmen.

– På høgfjellet er det vanleg med dyr på utmarksbeite, men her er det ikkje vanleg med dyr i vegbana i 70- og 80-sonen, seier Holmaas.

Holmaas oppmodar dyreigarane til å gjera det dei kan for å unngå at dyra går ut i vegbana, og alle andre til å vera på vakt når dei kjører.

– Det kan føre til farlege situasjonar, seier han.