Sjå oversikt nede i saka!

Det nærmar seg stadig 9. september og kommunestyre- og fylkestingsval. Men for mange av oss blir det for lenge å vente. Nokon er på jobb eller ferie, andre kan ikkje ta seg fram til stemmelokalet, medan andre igjen berre vil få gjort sitt og la valkamp vere valkamp.

Det er faktisk ganske mange som vel å stemme før sjølve valdagen. Under valet for to år sidan var heile 46 prosent av stemmene i Bergen førehandsstemmer.

– Det har vore mykje folk. Jamt med trafikk, seier Margrethe Høyland på kundesenteret i Lindås kommune når Strilen tar turen innom.

Ho tar imot førehandsstemmene til dei som kjem innom rådhuset i Knarvik.

Innhaldet i denne «heilage» boksen er med å avgjere korleis Alver skal bli politisk forma dei neste åra. Foto: Erlend Kristiansen

Førehandsstem kor du vil

Du kan førehandsstemme i den kommunen du sjølv ønsker. Førehandsstemmer du i ein annan kommune enn den du er oppført med på valkortet/i folkeregisteret (pr. 30 juni), må du gjere det såpass tidleg at stemma di rekk å komme fram til heimkommunen din innan valdagen.

Dersom du skulle ha behov for å røyste heime, er det også mogleg. Ta kontakt med kommunen din for å høyre korleis det fungerer.

På valdagen kan ein berre stemme i den kommunen ein står valregistrert i (som det går fram av valkortet ditt).

Husk gyldig legitimasjon (bankkort, førarkort, pass eller liknande) og gjerne valkortet også!

Kommunehuset i Eivindvik er ein av stadane ein kan førehandsstemme. Foto: Erlend Kristiansen (arkiv)

Austrheim:

Kommunehuset Mastrevik

Måndag 12.8. – fredag 6.9. kl 8 – 15.30

Utvida opningstid:

Laurdag 24. og 31.8. kl 9 – 14

Meland:

Rådhuset Frekhaug

Måndag 12.8. – fredag 6.9. kl 8 – 15.30

Utvida opningstid:

Laurdag 31.8. kl 11 – 15

Måndag 2.9. – torsdag 5.9. kl 8 – 19

Lindås:

Rådhuset Knarvik

Måndag 12.8. – fredag 6.9. kl 8 – 1530

Lindås folkeboksamling i Knarvik (biblioteket)

Måndag kl 11 – 19

Tysdag kl 11 – 15

Onsdag kl 11 – 19

Torsdag kl 14 – 19

(Fredag – stengt)

Laurdag kl 11 – 15

Lindås filial, Lindåshallen (biblioteket)

Måndag kl 12 – 19

Radøy:

Rådhuset Manger

Måndag 12.8. – fredag 6.9. kl 8.30 – 15

Utvida opningstid:

Laurdag 31.8. kl 11 – 15

Måndag 2.9. – torsdag 5.9. kl 8.30 – 19

Fedje:

Kommunehuset Fedje

Måndag 12.8. – fredag 6.9. kl 8.30 – 15

Utvida opningstid:

Laurdag 24. og 31.8. kl 11 – 14

Sjukeheimen

Onsdag 4.9. kl 10 – 12

Gulen:

Kommunehuset Gulen

Måndag 12.8. – fredag 6.9. kl 9 – 15

Utvida opningstid:

Torsdag 5.9. kl 9 – 18

Sjukeheimar/bu- og omsorgssenter

Gulen sjukeheim: Fredag 30.8. kl 11 – 13

Eivindvik bu- og omsorgssenter: Laurdag 31.8. kl 10 – 13

Byrknes bu- og omsorgssenter: Laurdag 31.8. kl 10 – 13

Dalsøyra bu- og omsorgssenter: Laurdag 31.8. kl 10 – 13

Brekke bu- og omsorgssenter: Laurdag 31.8. kl 10 – 13

Masfjorden:

Kommunehuset Sandnes

Måndag 12.8 – fredag 6.9. kl 9 – 15

Bibliotek

Matre: Torsdag 29.8. kl 13 – 18.30

Hosteland: Torsdag 3.9. kl 13 – 19

Butikkar:

Hosteland: Fredag 6.9. kl 12 – 18

Kvingo: Fredag 6.9. kl 12 – 18

Haugsvær: Fredag 6.9. kl 12 – 18

Sjukeheimen

Tysdag 3.9. kl 10 – 12

Modalen:

Kommunehuset Mo

Måndag 12.8. – fredag 6.9. kl 10 – 14

Utvida opningstid:

Laurdag 7.9. kl 11 – 14