Alle nødetatane inkludert luftambulanse rykte måndag formiddag ut til Kjevikdalen i Lindås etter melding om at ein person vart funnen livlaus inne på gjenvinningsanlegget.

Omkom

Nødetatane kom raskt til staden, men livet stod ikkje til å redde, opplyser politiet. Dei fortel vidare at det er ein 71 år gammal mann frå Lindås som omkom. Pårørande er varsla.

– Vi rykte ut på melding om at ein person var fastklemt, sa Helge Lund, vaktkommandør ved 110 Hordaland klokka 13.05.

– Det er snakk om ein besøkande, som skulle kaste noko boss. Vedkommande skal ha falt mellom ein konteinar og ein vegg, opplyste Morten Rebnord i politiet.

Han seier vidare at politiet vil avhøyre vitne og utføre åstadsundersøkingar.

Vegen vart stengt

Vegtrafikksentralen melde klokka 12.47 at fylkesveg 57 var stengt. Grunnen var at luftambulansen må lande i vegbana. Strilen sin mann på staden opplyste at det då begynte å bli ein del køar i området.

Ikkje lenge etter, klokka 13.10, melde politiet at vegen var open for trafikk igjen.

Foto: Kjell Arne Steinsvik