Vest politidistrikt fekk laurdag morgon melding om eit steinras på riksveg 244 mellom vegkryss på Tveit og Meland kyrkje.

Entreprenør og politi kom til staden cirka 10.30 og opplyste at det mindre køyretøy kunne passera.

– Det var ikkje så stort, det var cirka to meter breitt og nokre større steinar, men det er eit smalt vegparti, så større bilar kunne ikkje passera, melde Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Vegen vart difor opna etter ganske kort tid.

– Byggherre ynskjer å få ein geolog til å vurdera om det er fare for meir ras og utgliding. Dei vil halda vegen under oppsikt og ha inspeksjon i nær framtid, var beskjeden frå Vegtrafikksentralen.

– Det er heldigvis liten trafikk på den vegen.