I kartet over kan du sjå trafikkbildet i Nordhordland og Gulen. Grønt betyr at trafikken flyt fint, raudt betyr kø.

Det er slutten på vinterferien i Hordaland. Då er det mange på vegen samtidig. Like før klokka 15 vart det god flyt i trafikken, men det er auka trafikkmengde på vegen.

– Det er vanskeleg å seie når toppen kjem, men det blir auka trafikk frå no og fram til 18–19 i kveld, seier trafikkoperatør Ronny Sleire i Vegtrafikksentralen til Strilen kl. 15.

– Følg køen, men hald avstand

Han kjem med ein klar melding til bilistane.

– Det beste råda eg kan gje er å avpasse farten etter forholda. Det er viktig å følgje køen, men samstundes halde god nok avstand.

Han meiner at det å slappe av er det mest essensielle.

– Det er ein fin dag og trafikken flyt bra. Eg håpar det fortsette ut dagen. Då får vi ein maksimal dag.