– Spesielt på nyttårsaftan vert det skikkeleg mildt. Det vil verta vått og grått, det vil regna ganske godt, seier Lars Andreas Selberg ved Vervarslinga på Vestlandet.

Kryssar fingrane for klar himmel

Det vil regna mest tidleg på dagen, men meteorologen ser ikkje vekk i frå at det kan letta opp dei siste timane av året.

– Det er eit lite håp om opphald og god sikt når nyttårsrakettane skal skytast opp. Men det er veldig usikkert, plutseleg er det sipregn også på kveldstid, seier Selberg.

– Ein får gjera det beste ut av det og heller sitja inne og kosa seg med god mat, legg han til.

Ny runde med nedbør

Temperaturane vil nå opp mot 8–9 gradar på nyttårsaftan.

Helga før festdagen er klassiske innedager med mykje nedbør.

– Det er lågt skydekke det kjem til å gå i dei neste dagane. Me får litt opphaldsvêr tidleg på dagen i morgon, men så kjem det ein ny runde med nedbør på ettermiddagen, avsluttar meteorologen.