Bak utdelinga står Sparebanken Vest og Strilen - i samarbeid med Nordhordland Næringslag.

Gir effekt

I statuttane for Årets Bedrift står det at prisen skal gå til ei bedrift som har utmerka seg i løpet av året. Det er altså ikkje nokon pris for «lang og trufast teneste». Men det er heller ikkje slik at det berre er store bedrifter med nisifra omsetning som er aktuelle. Historia viser at aktører frå mange sektorar og av ulik storleik har henta heim prisen.

Historia viser òg at det å få tildelt prisen betyr meir enn berre heider og ære for prisvinnarane. Mange opplever at tildelinga blir lagt merke til – både av kundar, det offentlege og folk flest.

Prisen er ei utmerking som viser at bedrifta jobbar godt, har sunn økonomi og har gjort spesielle grep som det er verd å trekkja fram i løpet av fjoråret. Innovasjon, omstilling, kompetansesatsing og produktutvikling er noko av det som gjerne kjenneteiknar prisvinnarane.

Bedriftsbesøk

Alle kan nominera kandidatar til utmerkinga som Årets Bedrift: Anten du er tilsett i ei bedrift, kjenner nokon som jobbar i ei bedrift eller er næringslivsinteressert og meiner du har høyrt om ei bedrift som fortener prisen, er det berre å ta kontakt med juryen for å nominera. For juryen sitt arbeid er det ein fordel om du utarbeider ei lita grunngjeving som seier noko om kvifor bedrifta bør få prisen.

Tips kan sendast på e-post til stig@strilen.no, eller ringjast inn på telefon 922 35 766.

Etter at juryen har gjort eit grundig forarbeid og vurdert ulike kandidatar, vil ein del bedrifter få jurybesøk der dei får høve til å fortelja meir om verksemda. Dei som til slutt står igjen som finalekandidatar, vil bli presentert i ein artikkelserie i Strilen.

Juryen ønskjer tips om kandidatar så raskt som muleg, seinast 20. januar.

I fjor var det Norwegian Weather Protection som stakk av med prisen.