– Me fekk melding klokka 08.25 om at dei hadde gått seg bort. Då hadde dei gått frå Øvre Helland og visste ikkje lenger kor dei var, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg i Nordhordland lensmannsdistrikt.

Eit redningshelikopter frå Florø vart sendt ut for å lokalisera dei, men tåke i området gjorde redningsoperasjonen vanskeleg. Røde Kors og kjentfolk stod difor klare til å gå, men klokka 10.45 lukkast det helikopter å finna dei tre.

Søket var sirkla inn kring Revabotn, og dei tre fekk beskjed om å halda seg i ro og venta på hjelp.

– Dei var veldig våte og kalde, men vart klarerte av helsepersonell på staden og kjørt tilbake til Bergen av politiet, seier Vangberg.