Trafikkuhellet skjedde fredag morgon på Slettevegen på Radøy.

Ifølgje Vest politidistrikt har ein personbil køyrd utfor vegen og kolliderte med ein stolpe.

Operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt fortel at det var eit vitne som varsla om ulukka.

– Bergingsbil er på staden, seier han til Strilen klokka 07.50.

Både politi og ambulanse drog ut til ulukkesstaden då alarmen gjekk.

Det er ikkje meld om personskade. Sjåføren er ein mann i 20-åra.