Det var torsdag det blei kjent at byrådet ville flytte fjerne tre bomstasjonar i Åsane, og heller sette opp ein ny på E39 og sørsida av Nordhordlandsbrua.

– Marginale endringar

Meiningane har vore delte etter at nyheita blei kjent.

  • Endringane fører til at det kan bli to bomstasjanar ved Nordhordlandsbrua – ein i kvar ende. – Dette inneber berre marginale endringar for bompengepakken, uttalte byrådsleder Roger Valhammer (AP) til BT.

  • Morten Klementsen i «Folkeaksjonen Nei til bompenger» Alver var mindre imponert. – Tenk på dei som har jobb på Rolls-Royce eller elles i ytre Åsane, som må betale desse pengane.

For blir planane godkjent av sentrale vegmyndigheiter, blir det betaling for å kjøre frå Nordhordland til for eksempel Breistein og Hylkje. Slik det er per i dag, er det først i sentrale Åsane (og mot Salhus) at ein møter bomstasjonar.

Engasjerte innbyggarar

Mange har tatt til kommentarfelta på både Strilens Facebook-sider og på «Stopp ytre bomring Åsane». Gjengangaren er at mange strilar er irriterte, medan ein del i Åsane er letta. Det er også dei som meiner dette er valflesk.

Her er eit utdrag av dei som ikkje er imponerte over torsdagens nyheit:

«Mener de virkelig at vi i Nordhordaland skal finansiere Bybanen, og nye veier til beboerne i Fana??»

«Da er vi der at vi må få i gang varelevering på døren slik vi hadde det i min barndom.»

«Bla bla bla, Alt for å kapre velgere. Dette er like mye tomprat som tidligere.»

«So strilar og gjønogangstrafikk E39/E16 austøve ska finansiere sykkeltunnell og trikkebane te Oasen....?»

«Nå prøver motparten å splitte oss men vi står på FNB sitt program.  Det er viktigere enn noen gang å holde sammen»

«Nei dette var ingen god nyheit. Mvh oss som får rekninga.»

Andre igjen ser positivt på at bommen blir flytta.

«JA dette er en GLADNYHET for Hordvik, Hylkje og Haukås»

«Vil helst ikke ha bompenger, men plasseringen er mye mer logisk nå. Bom mellom kommuner er mer logisk enn å plassere bom midt inni en bydel slik at innbyggerne ikke engang kan gå til skole, idrett, NAV, lege, tannlege m.m. uten å betale bompenger.»

«Dette er veldig bra!»

«Eg takker alle dokker som har stått på. Gratulerer no e 1.runde vunnet.»

Slik har bomståa vore frå og med 1. april 2019. No kan dei tre bomstasjonane nærmast Nordhordland forsvinne og bli erstatta med ein ny ved Nordhordlandsbrua. Foto: Statens vegvesen