Brannvesenet fekk melding om brannen like ved Spjeldnesbrua klokken 15.50 onsdag ettermiddag.

– Bilen stod tett inntil eit hus. Eigar sløkte brannen sjølv før vi kom fram til staden. Bilen er ikkje totalskadd, seier vaktkommandør i 110-sentralen, Helge Lund.

– Bruk hovudet

Når det gjeld å plassere bilar tett inntil hus, har Lund klare oppmodningar.

– Det kan vere greitt å plassere bilen nokre meter frå veggen. I verste fall kan det ta fyr i huset. Det har vi sett døme på tidlegare.

Lund ber elles om at det vises aktsomheit i denne varmen vi har i dei næraste dagene.

– Vi har generelt bålforbud, men må ofte rykke ut til engangsgriller. Dersom alle bruker hovudet, skal dette gå greitt.