ERTER: Erteblomstrane er berre eit syn og veldig populære som pynt på tallerkenen. – Kokkane berre gliser når me kjem inn med bretta, seier Linda. Foto: Gunn Berit Wiik Berg
RØDBETAR: Slik ser rødbetplanten ut i mikroformat. Og ikkje berre ser dei godt ut, men dei smakar også godt. Foto: Gunn Berit Wiik Berg
STOLT: Då Strilen var nedom denne veka, hadde Remi fått firmaskilta i hus. Foto: Gunn Berit Wiik Berg
SKAL DOBLA: Etter nyttår skal dei innreia eit vekstrom til i same storleiken. Foto: Gunn Berit Wiik Berg

– Det er heilt fantastisk å berre vera her i varmen blant alt det grøne og sjå det spira og gro, seier det entusiastiske sambuarparet frå Eikanger.

Linda Jargren og Remi Moldskred er sikre på at dei har funne draumejobben. På kort tid har dei skaffa seg lokale og starta verksemda Mikrogrønt AS, i delar av det tidlegare Geco-bygget i Knarvik.

NYSÅDD: Frå frøa blir sådde, tar det ein til to veker før plantane er leveringsklare. Og alt blir gjort økologisk med god gammaldags jord utan kunstige tilsetjingsstoff eller gjødsel. Foto: Gunn Berit Wiik Berg

Dyrka med kjærleik

Her passar dei på at dei små plantane får optimale vekstvilkår i form av riktig lys, reint nok vatn, varme, luft og fuktigheit. Og ikkje nok med det, plantane får musikk til jobben og blir dyrka med kjærleik.

Etter tre veker i lokala har Linda til og med blitt betre av gikta si av å jobba i ein stabil temperatur på 26 grader og med muligheit til å knaska mikrogrønt kvar dag, fortel ho.

GOD STARTHJELP: Til å komma i gang har Linda og Remi fått veldig god hjelp frå Lindås kommune, som dei leiger lokale hjå. – Dei likte konseptet og har gitt oss gode startmulegheiter, seier Linda og Remi. Foto: Gunn Berit Wiik Berg

I gang på fire dagar

At dyrking av mikrogrønt kunne vera noko for Linda og Remi, vart dei gjort merksame på i august gjennom ein avisreportasje Linda fekk på e-post frå ein bekjent. Fire dagar seinare starta dei selskapet.

– Eg berre visste med ein gong at dette var noko eg ville driva med, og Remi tenkte akkurat det same då eg sende e-posten vidare til han på hytta, seier Linda.

SOLSIKKE: Slik ser mikroutgåva av solsikke ut. Solsikkeblad er veldig gode og saftige. Foto: Gunn Berit Wiik Berg

Fekk opplæring i Arendal

Det første dei gjorde var å søkja kunnskap, og etter kvart fekk dei kontakt med Matthew som driv South Coast Farm i Arendal.

– Han har jobba som kokk både i Norge og USA og hadde mykje å læra oss. Han følgjer oss framleis opp på telefon om lag ein gong i veka, seier Linda.

Ho trur ho aldri har lært så mykje nytt og spennande på så kort tid, og ho gler seg kvar dag til å læra meir.

– Dette blir ein nok aldri heilt utlært i, men eg prøver å læra meg mest mulig, seier ho og viser ei lita bok der ho skriv ned alt om kvar plante.

LINFRØ: Plantane, her linfrøvarianten, er bittesmå, men sprekkfulle av sunnheit. Foto: Gunn Berit Wiik Berg

Ekte supermat

I fleire år har tørka algar og gras med ditto smak, vore det hottaste innan mikronæring. Spirar har også vore veldig populært.

No er det mikrogrønt som gjeld, og det er rett og slett dei første grøne skota til ein urte-, belgfrukt- eller grønsakplante.

– Det som gjer mikroplantane så sunne, er at alt som skal til for at det skal bli ein stor og levedyktig plante bur i denne vesle spiren. Det kan faktisk vera frå fire til førti gonger meir næring i dei enn i ein fullvaksen plante, forklarer Linda.

– Og det som gjer dei så populære, er at dei har god og frisk smak og gir ein frisk utsjånad på maten, legg ho til.

SUPERSUNT: Det som gjer mikroplantane så sunne, er at alt som skal til for at det skal bli ein stor og levedyktig plante bur i denne vesle spiren. Foto: Gunn Berit Wiik Berg

Veksande marknad

Etter på ha dyrka mikrogrønt i berre vel tre veker, har dei alt fått avtalar om levering til fleire hotell og restaurantar.

Men Remi, som blant anna har bakgrunn i daglegvarebransjen, trur mikrogrønt også kan bli til sals i daglegvarebutikkar.

– Då ser eg føre meg små boksar/beger med mikroplantar som framleis står i jorda. På den måten held næringsverdien seg i planten heilt til han hamnar i maten, seier han.

Juice av mikrogrønt er ein annan muligheit.

BEST LITEN: Når planten blir større, gir han fort slepp på vitaminar, fiber og antioksidantar, forklarer Linda. Foto: Gunn Berit Wiik Berg

Mange mulegheiter

Ei slags abonnementordning kan også vera aktuelt.

– Det er mange muligheiter, og nesten berre fantasien som set grenser, seier Remi som elskar å eksperimentera.

Det same gjer Linda, som synest det er utruleg gøy å kunna skapa ei ny næring som dette.

Sidan ho har blitt betre av gikta si, har ho lurt på om det også kan vera ein tanke på sikt å tilby jobb til folk med helseplager.

HELSEKOST: Mikrogrønt er ikkje berre godt i salaten, men på brødskivene og til og med i varmrettar. Foto: Remi Moldeskred

Kanelbasilikum

I dag har dei 30–40 ulike plantar på gang, men når dei utvidar til 200 kvadrat over nyttar, skal dei ha 75.

– Det finst så utruleg mange sortar og det er jo ekstra gøy å ha noko folk aldri har hørt om før, seier Linda.

To av sortane ho har bestilt, er bronsefenikkel og kanelbasilikum.

– Kanelbasilikum skal me så for ein sushirestaurant som gjerne ville ha det, seier Linda medan ho knaskar i seg nok ein herleg stilk.