Klokka 18.31 måndag kveld fekk politiet melding om ein arbeidsulykke på Mongstad.

Ein mann i 40-åra skal ha komme i klem mellom hydraulisk støttelabb på kranbil og bil, melder Vest politidistrikt.

Mannen opplyste at han hadde smertar i mage og rygg etter uhellet. Han vart frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse.

Politiet har vore på staden og vil etterforske saka.

– Dette blir meld til Arbeidstilsynet, men vi har gjort våre undersøkingar. Det er framleis for tidleg å gå ut med kva som var årsaka til ulykka, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg til Strilen tysdag morgon.