Senterpartiet, Miljøpartiet dei Grøne, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Arbeidarpartiet har dei siste dagane vore i forhandlingar om korleis Vestland skal styrast.

På ein pressekonferanse på Media City Bergen, kunne politikarane endeleg fredag ettermiddag avsløre at dei har vorte einige.

Då er det også klart at Radøy-ordførar Jon Askeland (Sp) tek steget over til å verte fylkesordførar.

– Som forhandlingsleiar er eg glad for å kunne leggje fram ei politisk plattform og fordeling av verv etter valet som var måndag. At vi har greidd å lande seks parti: Sp, SV, V, KrF, MdG og Ap. De såg alle at det vart eit bråkete bakteppe etter valet. Då er det viktig at vi gjer ein så grundig jobb som mogleg, sa avtroppande fylkesordførar i Hordaland, Anne-Gine Hestetun (Ap).

Jon Askeland takka Anne-Gine for heltemodig leiing av forhandlingane. Partia har forhandla heilt sidan valnatta fram til fredag ettermiddag, då dei signerte den politiske samarbeidsplattformen.

– Det vi har vore gjennom dei siste døgna har vore på grensa til ekstremsport. Alle partia har vore samla med forhandlingsdelegasjonar. Det er og to fylkeskulturar som skal verte kjende med kvarandre, slik at det rett og slett har teke tid. Det har vore krevjande, men også veldig løysingsorientert, sa den nyvalde fylkesordføraren.

Her ser du Vestland sin første fylkesordførar. Foto: Kjell Arne Steinsvik

– Eit sterkt sentrum

Askeland meiner valresultatet speglar eit krav om ein tydelegare politikk.

– Me har tatt dette signalet frå veljarane som gjennom rekordstor valdeltaking, gav marsjordre til Senterpartiet om å leia Vestland. Senterpartiet har tidlegare også jobba med Krf, AP og SV , og har lukkast med det. Nå ønskjer me å gjenoppliva sentrum som ei eiga retning i norsk politikk , og dette samarbeidet har eit solid rotfeste i eit sterkt sentrum, seier Askeland.

Fredag landa samarbeidspartia ein felles politisk plattform som set retninga for utvikling av Vestland dei neste fire åra.

– Senterpartiet har fått  med mykje god Sp-politikk i plattformen, mellom anna om desentralisering, skulestruktur, rassikring, næringsliv idrett og kultur.  Det har vore viktig for oss å vera rause og at alle parti skal få kjenna eigarskap til dette. Saman skal me dra nytte av alle parti sine sterkaste sider, og alle har vunne gjennom med viktige saker, seier Askeland.