Gulen
Ein motorsyklist køyrde søndag kveld av vegen ved Rutledal i Gulen. Hendinga vart registrert hos politiet klokka 18.11.
Nødetatane rykte straks ut til staden.
– Førar er oppegåande, men har store smerter, opplyser politiet.
Det vart ikkje sagt noko om korleis hendinga påverka trafikken.
Lindås
Ei stund etterpå, rundt 18.45, melde 110 Hordaland om trafikkulykke i Radøyvegen i Lindås. Ein bil skal ha hamna på sida.
– Det er to personar i bilen og begge er komne ut.
Hendinga skal ha skjedd nær Bruknapp betong.
Heller ikkje her vart det sagt noko om korleis trafikkflyten i området er.